Snart påmeldingsfrist for Grendacupen

Sport

Påmeldingsfristen for årets utgåve av Grendacupen i Hareidhallen går ut tysdag 10. desember. Så langt er det registrert åtte lag i herreklassen, fire i dameklassen, samt to jentelag og fem gutelag.

Tidlegare år har det brukt å kome ein del påmeldingar nær påmeldingsfristen, og tidvis også ein del etter fristen, men det er eit stykke fram til fjorårets deltaking. Då var det totalt 37 lag som deltok i løpet av turneringa.

I herreklassen er "Sei du det?" og "HUS" dei to siste laga som er meldt på til turneringa. Arrangørane understrekar på Grendacupen sine nettsider at dei framleis treng fleire lag i alle dei fire klassane.