Stortap på bortebane

Maria Juul Hansen scora brorparten av Hareid sine mål borte mot Aksla og avslutta kampen med sju scoringar. Arkivfoto.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Søndag avslutta Hareid haustsesongen på handballbana med ei av sine tøffaste utfordringar til no. Laget reiste til bortekampen mot topplaget Aksla med ein noko redusert tropp, der fleire av dei faste bidragsytarane mangla.