Ny trenar kom på plass før jul

Ruben-Kenneth Brandal og Anders Riise saman med Hareid sin nye hovudtrenar, Kim-Tore Husøy. Foto: Anders Hüttner Pilskog 

Sport

Kim-Tore Husøy blir ny hovudtrenar for Hareid IL sitt 4.-divisjonslag. Det skriv Hareid IL i ei pressemelding. "Kimmen" har spelt over 300 A-kampar for Hareid og skal vere laget sin hovudtrenar i 2020.

"Vi i fotballstyret er svært glade for å få med oss Kim-Tore Husøy som ny hovudtrenar. Det er ein trenar som både kjenner Hareid, klubben og kulturen svært godt. Han har og spelt sjølv og veit kvar nivået må ligge for at Hareid skal etablere seg som eit stabilt godt 4. divisjons lag", seier fotballformann Anders Riise i pressemeldinga. Riise legg til at det var viktig for dei å få på plass ei rask avklaring om kven som skulle vere trenar, slik at alt er klart før sesongoppkøyringa tek til i januar.

Hareid IL skriv i pressemeldinga at Kim-Tore Husøy er stolt over å få vere trenar for Hareid og at den nye trenaren gler seg til å få sette i gang arbeidet saman med ein god stall, som har mange unge og spanande spelarar. Ifølgje pressemeldinga har Husøy eit mål om å skape eit meir målfarleg Hareid-lag og eit lag som kan klatre opp på øvre halvdel i 4.-divisjon.