Hødd hentar spelar med fortid i Brattvåg og AaFK

Emil Solnørdal er klar for Hødd. 20-åringen trente også med klubben før 2018-sesongen, men då blei det ingen overgang.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Emil Solnørdal er klar for Hødd. Det vart klart torsdag kveld. I ei pressemelding frå Hødd går det fram at 20-åringen har signert ei kontrakt for 2020-sesongen.

Solnørdal spelte for Brattvåg i 2019, men har tidlegare vore innom både AaFK og Rosenborg. Solnørdal trente også med Hødd før 2018-sesongen.



– Vi er svært glade for å kunne melde at Emil Solnørdal (fødd 1999), skal ikle seg Hødd-drakt denne sesongen. Her får vi ein energisk/hardtarbeidande spelar, som kan bekle fleire roller på banen. Ein lokal spelar som vi har stor tro på vil passe godt inn i Hødd, seier trenar Kevin Knappen i pressemeldinga.

Emil kommenterer overgangen slik:

– Veldig glad for å signere for Hødd! Ser fram til første trening nå på måndag med nye lagkameratar og trenarapparat