Mykje innandørs friidrett den komande tida:

Startar med mangekamp-NM

Til helga reiser tre Dimna-utøvarar til mangekamp-meisterskap og framover er det full rulle for den lokale friidretten.

Til mangekamp-NM: Caroline Amalie Sætre, her saman med Arve Hatløy, deltek under mangekamp-NM komande helg. Deretter blir det mykje aktivitet for friidrettsutøvarane i tida framover. Allereie neste helg inviterer Dimna IL til stemne i Ulsteinhallen. Foto: Erik K. Heimdal. 

Sport

Dimna IL «tjuvstarta» innandørssesongen i friidrett med Sparebanken Møre-leikane i Ulsteinhallen før jul. Når ein no er over i det nye året, byrjar det verkeleg å dra seg til og til helga er det berre to veker att til innandørs-NM i Rudhallen i Bærum.