Bård Grimstad styrer Hareid-damene

Bård Grimstad blir hovudtrenar og Kjell Arne Øvrelid blir hjelpetrenar for Hareid sitt damelag denne sesongen. Det er Ruben Kenneth Brandal og Anders Riise i fotballstyret godt fornøgde med. Foto: Hareid IL. 

Det var godt oppmøte på laget sin trening søndag, men trenarapparatet har håp om å få med endå nokre spelarar til før sesongen. Foto: Hareid IL.  

Sport

Onsdag kunne Hareid IL Fotball offentleggjere apparatet rundt damelaget i klubben. Det er no klart at Bård Grimstad skal vere hovudtrenar og at han får hjelp frå Kjell Arne Øvrelid som hjelpetrenar.

Ørjan Engen Grimstad skal også ha ei trenarrolle rundt begge A-laga i klubben, men styreleiar Anders Riise fortel at ikkje alle detaljar her er klare.

Lena Hansen er lagleiar for Hareid-damene og får med seg Cecilie Skeide i støtteapparatet.

Styreleiar Anders Riise og sportsleg leiar i styret, Ruben Kenneth Brandal, er godt fornøgde med trenarløysinga for damelaget.

– Vi er glade for å ha eit solid team på plass rundt damelaget og håpar på eit oppsving også for jentefotballen i klubben.

Det var godt oppmøte på laget sin trening søndag, men trenarapparatet har håp om å få med endå nokre spelarar til før sesongen. Foto: Hareid IL.  

Hareid IL melder om godt oppmøte på treningane til damelaget etter oppstarten og søndag var det 17 spelarar som var med på trening. Trenarapparatet har likevel eit ønskje om å få med endå nokre fleire i gruppa og har eit håp om å må med nokre til med litt erfaring.

Planen i år er å stille både eit 11ar-lag i 3.-divisjon i tillegg til eit sjuarlag.