Fine prestasjonar i Rudhallen

Alice Ulla Berg sprang inn til kretsrekord på 200 meter under Tyrvingleikane.  

Sport

To Dimna-utøvarar konkurrerte under Tyrvingleikane.

I løpet av helga konkurrerte både Nicolas Roppen masters og Alice Ulla Berg under Tyrvingleikane i Rudhallen i Bærum. Begge leverte gode resultat.

Nicolas Roppen Masters vann sitt heat på 200 meter med tida 23,1s4. Det heldt til ein femteplass totalt i herreklassen.

På same distanse vann også Alice Ulla Berg sitt heat, med vinnartida 24,92. Det var fjerde beste tid i kvinneklassen. Ifølgje Dimna IL er dette både personleg rekord og kretsrekord.

Laurdag sprang Ulla Berg 60 meter, der ho tok seg vidare frå forsøket med 7,72. I finalen forbetra ho seg til 7,64 og tok andreplassen bak Helene Rønningen. Tida var berre to hundredelar bak hennar personlege rekord.

Også Nicolas Roppen Masters tok seg til finale på 60 meter. I forsøket sprang han på 7,24. Det blei også tida i finalen og Roppen Masters enda på ein femteplass.

Roppen Masters deltok også i lengde under Tyrvingleikane. Her Hadde han fem hopp mellom 5,28 og 5,90, før han slo til med 6,23 i siste forsøk. Det var godt nok til ein andreplass bak Sindre Olsvik.

Denne helga konkurrerte også Toralv Opsal, men då under nordisk landskamp og nordisk meisterskap i Finland. Opsal sette personleg rekord i høgde under NM sist helg, men forbetra denne ytterlegare i helga. Med 2,08 sikra han seg ein fjerdeplass i konkurransen.