Ber idrettslag registrere økonomiske konsekvensar

Idrettsforbundet har gått ut med beskjed til alle idrettslag.

Idrett: Idrettsforbundet vil få oversikt over dei økonomiske konsekvensane for idrettslaga grunna koronakrisa. Illustrasjonsfoto 

Sport

Forbundet har sendt ut eit digitalt rapporteringsskjema for å kartlegge konsekvensane koronaviruset får, både for aktivitet og økonomi, i idretten og den frivillige sektoren. I første omgang er dette berre eit kartleggingsverktøy.

– Ei slik registrering og kartlegging er avgjerande for å få på plass målretta tiltak som kan sikre at idrettslaga står best mogleg rusta til å levere aktivitet og idrettsglede også etter at koronakrisen er over. Svara frå idrettslaga er også veldig viktige for at vi skal kunne ha et best mogleg faktagrunnlag om økonomiske og idrettslege konsekvensar i dialog med lokale og nasjonale myndigheiter, seier Karen Kvalevåg, generalsekretær i Norges idrettsforbund i ei pressemelding.

Ho legg til at ho er glad for at idretten og frivillig sektor har fått 600 millionar kroner til å kompensere for tapte arrangementsinntekter i mars og april, men fryktar at dette ikkje vil strekke til når ein ser dei fulle konsekvensane for norsk idrett.