Mjukna opp retningslinjene, men må framleis ha ein meters avstand

Med nye retningslinjer kan handballspelarar igjen kaste ballen til kvarandre, men utøvarane, både her og i andre idrettar, må framleis halde ein meter avstand til kvarandre.   Foto: Arkiv

Sport

Måndag kom Norges Idrettsforbund ut med nye retningslinjer for gjennomføring av trening og anna idrettsaktivitet. Den nye rettleiaren opnar for meir aktivitet enn det som har vore mogleg tidlegare. Den medfører også ei oppmjuking som spesielt handballen vil nyte godt av.

Så langt har nemleg handballen vore nøydde til å gjennomføre treningar med ein ball per spelar. I den nye rettleiaren er ballen "frikjend" og det blir no mogleg også for handballspelarane å kaste ballen til kvarandre.

I tillegg kan ein no gjennomføre idrettsarrangement med opp til 50 personar og det er lov å trene med opptil 20 personar i ei gruppe.

Då Idrettsforbundet først sleppte den nye rettleiaren kom det informasjon om at dei yngste barna kunne starte med kontakttrening og ikkje måtte halde seg til regelen om minst ein meters avstand. Dette vart raskt dementert av helsemyndigheitene og 1-metersregelen gjeld dermed framleis.

I dei nye retningslinjene trekkjer Idrettsforbundet fram desse punkta som spesielt viktige:

  • Idrettslag og andre kan nå arrangere idrettsarrangement som cupar, kampar og turneringar i samsvar med anbefalingane i rettleiaren. Arrangement på inntil 50 personar er tillate – men på visse vilkår. Arrangementa bør gjennomførast lokalt.
  • Antall personar på ordinære treningar må ikkje overstige 20 personar. Alle må halde minst 1 meters avstand.
  • Det er mogleg for fleire grupper á 20 personar å vere på same treningsareal.
  • Bruk av garderobar er ikkje tillate, men toalett skal kunne nyttast i tilknyting til garderobeanlegg.
  • Ein kan bruke felles ball i idrettar, også når ballen kastast med hendene, så sant smittereglane ved denne bruken blir følgde.
  • Sjuke personar må halde seg heime
  • God hand- og hostehygiene og forsterka reinhald
  • Idrettslaget er ansvarleg for at aktivitetar gjennomførast forsvarleg og i tråd med reglene
  • Idrettslaget bør sørge for nødvendig opplæring og informasjon før oppstart
  • Idrettslag må vurdere kor mange trenere/instruktørar/frivillige som er nødvendig for å gjennomføre aktivitet

Sjå heile rettleiaren på Helsedirektoratet sine nettsider.