– Sesongen kunne gjerne ha starta no

Dimna IL har fått dei fleste gruppene sine tilbake i trening, men framleis er det usikkert når utøvarane får testa forma i konkurranse.

Mykje på feltet: Dimna-trenar Arve Hatløy fortel at alle unntatt dei yngste Dimna-utøvarane er tilbake i trening. Framleis er det likevel usikkert når ein igjen kan byrje med konkurransar. Arkivfoto: Andreas Bjerknes 

Sport

Friidretten har så smått byrja å røre på seg igjen, men det aller meste av planlagde stemne og meisterskap er anten avlyste eller utsette. 11. juni skal Karsten Warholm springe på Bislett under Impossible Games, men det er meir usikkert når dei andre Dimna-utøvarane får konkurrere.