Hødd-spelarane fekk videohelsing frå landslagskapteinen

Landslagskapteinen og Chelsea-stjerna Maren Mjelde sende Hødd-spelarane ei videohelsing - der ho ønskte laget lukke til.  Foto: Skjermdump/Hødd Fotball.

Sport

Oppladinga til årets sesong har vore alt anna enn normal for alle fotballag i Norge - også for laga til Hødd. No har både A-laga for herrar og damer fått lov til å starte opp igjen med treningar - men det er framleis noko uvisst når dei får starte på igjen med seriespel.

Hødd la ut ein video på sine Facebook-sider onsdag - der ein kunne sjå spelarane trene for å gjere seg klare til sesongen. Ein ser truleg føre seg oppstart for Hødd-damene i 2. divisjon avdeling 5 tidlegast i august - men det er ikkje spikra.

Helsing frå Chelsea-stjerna

Videoen inneheld også eit segment som garantert vil motivere Hødd i oppkøyringsperioden. For eit stykke ut i videoen dukkar eit kjent fjes opp. Chelsea-stjerna og Norge-kapteinen Maren Mjelde har nemleg sendt ei videohelsing til Hødd-spelarane.

Videoen kan du sjå her. (Ekstern lenkje).

- Eg har sett videoar av kor godt de har trent no i desse litt meir uvanlege tidene, og eg tenkjer de har vore like frustrerte som meg når det gjeld uvissa rundt når ting kjem til å starte opp igjen, seier Mjelde og legg til:

- Men så kan ein sjå det på ein positiv måte òg. Eg for min del har fått tid til å trene på ting som eg elles ikkje får tid til i ein ganske travel treningskvardag - og det er eg ganske sikker på at de også har fått gjort masse av.

Ho prata vidare om kor viktig det er å møte opp på trening - no som treningane har starta opp igjen.

- Eg har bikka 30, og synest framleis fotball er det kjekkaste eg gjer. Det har vore mykje trening, og mange prioriteringar som ikkje har vore lette å gjere. Fotballen har på mange måtar kome først, og eg seier ikkje det er det rette for alle - men det har absolutt vore verdt det, seier Mjelde.

Maren Mjelde har heile 148 kampar med flagget på brystet - og er med det nummer sju på adelskalendaren for Norge gjennom tidene. På toppen tronar Hege Riise med 188 kampar.

Har ikkje trent med laget på tre månadar

Mjelde vedgjekk at ho var ein smule misunneleg på Hødd-spelarane, fordi dei no får trene saman igjen.

- Eg har ikkje fått trene med mitt lag på snart tre månadar, og er ikkje sikker på når eg får gjere det igjen. Eg håper de nyt det, og nyt kvar einaste treningsøkt saman - og står på for å bli enno betre kvar einaste dag, sa Mjelde, og fortalde avslutningsvis at ho ønskjer laget lukke til komande sesong, og at ho vil følgje med på Hødd.