To signeringar

Isak Skotheim har forlenga kontrakten sin med Hødd ut 2021, medan Johannes Sundgot er tilbake i klubben etter eitt år på college i USA.   Foto: Hødd Fotball

Sport

Måndag vart det klart at Hødd har fått signaturen på to kontraktar. Begge gjeld spelarar som er godt kjende på Høddvoll, der eine gjeld ei forlenging og den andre er ei signering med ein tidlegare spelar.



Isak Skotheim har nemleg forlenga sin kontrakt med klubben til ut 2021. Det skriv klubben i ei pressemelding. Hans kontrakt gjekk i utgangspunktet ut etter sesongen, men Skotheim er no knytt til klubben eitt år ekstra.



I tillegg har Johannes Sundgot signert ut 2020. Sundgot har spelt i Hødd tidlegare, men reiste til USA sist sommar for å gå på college og spele fotball. Som følgje av koronasituasjonen kom Sundgot heim til Ulstein denne våren og han har allereie trent med Hødd ei god stund.



– Vi forlenga og fornyar avtalen med to av vore eigenproduserte spelarar. Isak Skotheim forlenga sin avtale ut 2021 og Johannes Sundgot signerer ein avtale ut året. Isak er ein teknisk spelar som lika å utfordre med ball, som kan spele i fleire roller på midtbana. Johannes er tilbake etter eit kort USA opphald, ein vingback som har sine klare styrker 1:1, seier hovudtrenar Kevin Knappen i pressemeldinga.