Til hausten kjem dokumentarserie om Warholm

Gjennom fem episodar kan me bli nærare kjend med Karsten Warholm og trenaren Leif Olav Alnes.   Foto: NRK

Sport

NRK melder at til hausten kjem dokumentarserien "Karsten og Leif".

Og Karsten og Leif er sjølvsagt Karsten Warholm og Leif Olav Alnes. Verdas beste friidrettsutøvar og trenaren hans har ikkje berre oppnådd unike resultat, dei har også ein unik venskap.

I denne serien opnar dei dørene til kvardagen, tankane og dei unike og veldig heimesnikra metodane som er grunnlaget for den enorme suksessen.

Dokumentarserien har premiere i august.