Scora i Obosligadebuten

Daniel Eid brukte berre 59 minutt på å score sitt første mål i serien for Sogndal.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Sogndal starta Obosligasesongen med bortekamp mot Åsane fredag. Daniel Eid fekk sin første offisielle Sogndal-kamp og starta på høgre vingback for bortelaget.



Ved pause stod det 1-1, men i løpet av dei første 15 minutta etter pause scora Sogndal to gongar. Bortelagets tredje mål kom etter ei pasning frå kaptein Mannsverk til Daniel Eid og ulsteinvikaren slo til på direkten med si første scoring i 1.-divisjon. Det var også ei flott scoring Eid klinka til med.

I Sogndal tok det 59 minutt før første scoringa kom, medan det i Hødd vart tre mål på til saman 64 seriekampar og det første målet kom først etter halvanna sesong på A-laget.



Sogndal var klart best i den andre omgangen og sette inn 1–4 etter 69 minutt.

Etter 90 minutt fekk Daniel Eid fri for kvelden og kunne sjå overtidsminutta frå benken då Sogndal innkasserte sesongens tre første poeng.

– Eg synest vi starta kampen ganske godt og styrte første halvdel av førsteomgangen. Så tek Åsane litt meir over, dei er eit lag som likar å trilla ball og vi let dei ha ballen litt for lenge. Vi kontrollerer kampen ganske greitt sjølv om vi ligge lågt i banen. I andre omgangen er der berre eitt lag på bana, dei har vel ikkje ein målsjanse og vi har mange gode og farlege. Så alt i alt ein god kamp av oss. Det var veldig kjekt å få debuten, ekstra kjekt å vinne og artig å krydre det med ei scoring, det skjer ikkje for ofte, seier Eid i ein kort kommentar etter kampen.