Sesongens første poengtap

Fredrik Aursnes laga straffe på overtid då Molde spelte uavgjort 2-2 borte mot KBK.   Foto: Arkiv/Per Werkland

Sport

Fredrik Aursnes og Molde spelte uavgjort 2–2 i fylkesoppgjeret mot Kristiansund BK torsdag. Det etter ei dramatisk avslutning på kampen, der heimelaget KBK fekk straffe langt inn i overtida.

Før den tid hadde også Molde ropt på straffe i førsteomgangen, men utan å få noko frå dommaren.

Amahl Pellegrino gav heimelaget leiinga sju minutt ut i den andre omgangen, men Etzaz Hussain utlikna for molde 12 minutt seinare. Deretter gjekk Molde i føringa etter eit sjølvmål frå Pål Erik Ulvestad og då kampen passerte 90 minutt såg det ut til at Molde si perfekte rekkje med sigrar skulle halde fram.

Men fleire minutt på overtid var Fredrik Aursnes involvert då han felte Flamur Kastrati heilt nede ved dødlinja. Dommaren peika på straffemerket og Andreas Hopmark kunne utlikne for KBK. Dermed Molde sitt første poengtap denne sesongen.

I eit intervju med Eurosport tok Fredrik Aursnes på seg skulda for at det ikkje blei tre poeng til Molde.

– Eg trudde han skulle legge inn, men gjekk rett på innleggsfinta, så straffa er grei. Vi skulle hatt ei soleklar straffe i førsteomgang og skal vinne dette når vi ledar 2–1 på overtid. Det er kjedeleg. Eg synest vi var best og skulle hatt tre poeng her, seier Aursnes til Eurosport.