- Det tærer på spelargruppa

Hasundgot-kaptein og målvakt Joakim Rødven håper at breiddefotballen kjem i gong igjen så snart som mogleg. Alle foto: Erik Heimdal 

Sport

Koronaviruset har ramma så å seie alle aspekt av samfunnet dei siste månadane, men litt over fire månadar etter at landet vart stengt ned er mykje tilbake til noko i nærleiken av korleis det var før koronaen. Slik er det ikkje for breiddefotballen som framleis ikkje har fått lov til å trene med nærkontakt enno. Joakim Rødven, som er kaptein og målvakt for 5. divisjonslaget Hasundgot, kan fortelje at motivasjonen ikkje er på topp.