Slik gjekk runden

Hødd klatre ei plassering på tabellen sjølv om det berre blei eitt poeng borte mot Tromsdalen laurdag.  

Sport

Hødd spelte laurdag kveld 0–0 borte mot Tromsdalen. Bortelaget var det beste laget totalt sett, men ikkje dyktige nok når ein nærma seg Tromsdalen sitt mål. Dermed gjekk laget av banen utan scoring i tredje kamp på rad. Likevel klatra Hødd opp på øvre halvdel med det eine poenget.





Faktisk hadde Hødd hoppa ein posisjon allereie før kampen mot Tromsdalen, etter at Kjelsås tapte for Eidsvold TF og dermed fekk dårlegare målforskjell enn Hødd.

Fredrikstad toppar og vann sin fjerde strake kamp då dei slo Skeid 2–1. FFK har to poeng ned til Alta, men kan få selskap av Kvik Halden etter deira kamp mot VIF 2. Fløya står framleis utan poeng som einaste lag og det er tett frå Vålerenga 2 på 13. med tre poeng og opp til Brattvåg på 5. med sju poeng.

Fredrikstad – Skeid 2–1

Fløya – Florø 2–5

Moss – Alta 0–2

Kjelsås – Eidsvold TF 0–1

Tromsdalen – Hødd 0–1

Brattvåg – Senja 3–1

Kvik Halden – Vålerenga (Blir spelt måndag)