Vurderer å droppe Monaco

Karsten Warholm  Foto: Privat

Sport

Karsten Warholm har ikkje bestemt seg for om han skal delta i konkurranse i Monaco fredag 14. august eller ikkje.

Det var meininga at han skulle springe årets første 400 meter hekk, men torsdag fekk Monaco status som raudt land- på grunn av talet på koronasmitte.



Mor og manager Kristine Haddal skreiv i ein SMS til NRK fredag, at dei er i ei vurderingsfase og har ikkje meir informasjon om saka no. Ho gjentek same beskjed i ei melding til Vikebladet Vestposten laurdag.

Viss Warholm reiser til fyrstedømet, må han truleg sitje ti dagar i karantene når han kjem heim til Noreg.