Hareidsdølen Triatlon vert avlyst: – Det ville ikkje ha blitt det arrangementet vi ønskjer det skal vere

Arrangørane meiner at smitteverntiltake i høve koronasituasjonen ville ført til at Hareidsdølen Tritalon ikkje vert det arrangementet dei ønskjer det skal vere og har bestemt seg for å avlyse. Biletet er frå 2018 då det var samla over 500 menneske ved basen på Holesanden.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Sport

Hareidlandet Triatlon har bestemt seg for å avlyse årets utgåve av Hareidsdølen Triatlon. Det populære løpet skulle etter planen finne stad 5. september.



– Når vi går gjennom påkravde og tilrådde koronatiltak for eit arrangement av vår storleik, 150 deltakarar og med eit publikum på 200-300, så ser vi at Hareidsdølen Triatlon 2020 ikkje ville blitt Hareidsdølen slik som vi ønskjer, skriv arrangørane i ei pressemelding.


Hareidsdølen Triatlon samla over 500 ved Holesanden. Sjå stor bildeserie:

- Her er alle vinnarar

Tor Inge Remme var først over målstreken blant seniorane, på den gode tida 1.15,03. Men, dei aller viktigaste deltakarane under årets Hareidsdølen var borna, meiner løpsleiar Daniel Slettebakk.


Hareidlandet Triatlon fortel at det er med tungt hjarte dei no avlyser arrangementet og listar opp fleire av årsakene til at dei ikkje vil gjennomføre Hareidsdølen Triatlon i år:

– Avgrensinga i talet på personar, det å måtte stoppe nokon for å kome og sjå på. Ein familie på fire, der to får kome inn, medan to må gå heim.

Det sosiale før og etter. Ein kiosk som gjer at ein kjøpe ein ekstra brudavollmòr eller hamburgar, nervøsiteten som skaper lange toalettkøar før start. Latter og gråt i god blanding mellom dei yngste før dei skal i elden, som på magisk vis har blitt forandra til glede og stoltheit over å ha gjennomført. High five i løypa og så bortetter. Dette, med mykje meir, er Hareidsdølen Triatlon, seier arrangørane som vil nytte høvet til å takke samarbeidspartnarar og sponsorar som har synt forståing for valet som er gjort om å avlyse årets arrangement.


Samarbeidsavtale mellom Sparebanken Møre og Hareidlandet Triatlon:

– Viktig at det blir skapt aktivitet

Hareidlandet Triatlon jobbar for å skape meir aktivitet på heile Hareidlandet. No har gruppa fått med seg Sparebanken Møre på laget dei to neste åra.


– Smitteauken og usikkerheita rundt den, deltakarar som kjem frå heile landet og ansvaret vi har som arrangør i høve til smittevern, gjer at vi tek del i den nasjonale dugnaden med Covid19 og korona og avlyser Hareidsdølen Triatlon 2020. Så håper vi at vi neste år kan køyre full runde med samhald, meistring og begeistring. Vegen mot Hareidsdølen 2021 har starta, er bodskapen frå Hareidlandet Triatlon