Fekk klarsignal for NM

Dimna-utøvarar under NM på Hamar i 2019. Måndag vart det klart at årets NM blir arrangert som planlagt.  

Sport

Etter ei tid med mykje koronasmitte i Bergen har det vore usikkerheit rundt gjennomføringa av friidretts-NM komande helg. Måndag kveld kunne friidrettsforbundet kunngjere at NM går etter planen.

– Avgjerda er tatt etter ei heilskapsvurdering der vi har sett på alle sider av det å avvikle meisterskapen, seier NFIF-president Ketil Tømmernes i ei pressemelding.

Friidretts-NM blir arrangert på Fana stadion frå fredag til søndag.