Full rulle på Tour of Norway for kids

Sport

- På grunn av Covid-19 kom vi ikkje igang med touren for i juli, men vi har greidd å gjennomføre nesten like mange løp som i eit normalår, seier prosjektleiar for arrangementet, Tommy Berglind. Saman med resten av teamet sitt har han reist land og strand rundt for å arrangere sykkelløp for born i alderen 0 til 12 år. Onsdag var turen komen til Ulsteinvik. Løpet fann stad ved Gullblokka.