Fredrikstad 1-3 Hødd:

Fantastiske kontringar, effektivitet og litt flaks sikra tre krutsterke poeng for Hødd

Robin Hjelmeseth sende Hødd opp i leiinga tidleg i kampen. Her frå feiringa av scoringa mot Florø førre helg.  Foto: Arkiv/Per Werkland

Sport

Laurdag ettermiddag var det duka for første kamp av sluttspelet i PostNord-ligaen avdeling 1. Hødd reiste til "plankebyen" for å spele mot det soleklare topplaget Fredrikstad på Fredrikstad Stadion.