- Vi har litt flaks på vår side - vi scorar og dei bommar

Kaptein Joakim Wrele var godt nøgd med dei tre poenga mot Fredrikstad laurdag ettermiddag. Her frå førre helg då Hødd-spelarane feira Wrele si scoring mot Florø.  Foto: Arkiv/Per Werkland

Sport

Laurdag ettermiddag starta sluttspelet i PostNord-ligaen avdeling 1, og Hødd gjorde det ingen har klart tidlegare i sesongen. Dei var det første laget som tok poeng mot Fredrikstad med ein 3-1-siger i "plankebyen".