Vil slå tilbake umiddelbart

Kevin Knappen ønskjer at Hødd skal slå tilbake umiddelbart etter tapet for Skeid sist helg. Laurdag går turen til Tromsdalen, der Hødd spelte 0-0 tidlegare i sesongen.  

Sport

Hødd hadde gått sju kampar på rad utan å tape poeng før Skeid vart for sterke sist helg. No er målet å kome raskast mogleg tilbake på vinnarsporet og helst allereie laurdag. Då er Tromsdalen motstandar på bortebane.