– Dugnadsånda og arbeidsinnsatsen er uvurderleg

Dugnadskarar: Odd Helge Ulstein, Jostein Saunes, Olav Skeide, Tom Vågen (anleggsmedarbeidar i Hødd Fotball), John Osnes, Hans Otto Skeide og Ole Magne Gardshol. Olav Flø, Leif Saunes, Karsten Ulstein, Jan Roppen, Severin Myklebust og Eldor Skeide var ikkje til stades denne dagen. Anleggsutvalet gjer ein svært viktig jobb for Hødd Fotball med å halde det omfattande anlegget på Høddvoll i god stand. 

Sport

Då Per Arve Moldskred tok over rolla som dagleg leiar i IL Hødd Fotball kunne ikkje han lenger bruke like mykje tid ute på anlegget på Høddvoll. Dermed tok ein solid dugnadsgjeng opp hansken. Det meir eller mindre sjølvoppnemnde anleggsutvalet gjer ein uvurderleg jobb for klubben.