I førarsetet for vidare avansement

Fredrik Aursnes startar og spelar vanlegvis alle dei 90 minutta for Molde, men hareidsdølingen vart bytta ut i det 78. minuttet av Erling Moe torsdag kveld i 3-1-sigeren over Dundalk.  Foto: Arkiv/Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Torsdag kveld var det duka for femte gruppespelskamp i Europa League for Molde. Etter to strake tap i konkurransen, heime og borte mot sjølvaste Arsenal, kom tabelljumbo Dundalk på besøk til Romsdal og Aker Stadion - og Molde hadde få problem med å sikre at dei tre poenga vart igjen i "rosenes by" då dei vann 3-1.