Nominert til årets sportsprestasjon

Karsten Warholm er ein av dei nominerte til prisen årets sportsprestasjon.  

Sport

Etter eit spesielt idrettsår i 2020, blir det også ein spesiell Idrettsgalla i starten av 2021. I utgangspunktet hadde ikkje styret for idrettsgallaen planar om å dele ut dei vanlege prestasjonsprisane. I staden var meininga å berre dele ut årets forbilde, årets heiderspris og årets eldsjel.

Sjølv om idrettsåret 2020 vart sterkt prega av koronapandemien, var det likevel mange norske idrettsutøvarar som presterte på eit svært høgt nivå og difor er det no bestemt at ein vil dele ut prestasjonsprisar til årets sportsprestasjon for kvinner og menn. Hovudjuryen har plukka ut dei nominerte til prisen og desse blir delte ut basert på røysting frå publikum. Det skriv Norges Idrettsforbund i ei pressemelding.






Karsten Warholm leverte ein svært sterk 2020-sesong, trass at det ikkje vart dei store meisterskapa som var sesongens hovudmål. 46,87 i Stockholm vart eit solid høgdepunkt og berre ni hundredelar bak verdsrekorden. Warholm er også ein av dei nominerte til årets sportsprestasjon.



Dei nominerte:

Årets sportsprestasjon, kvinner:
(alfabetisk på etternamn)

Grace Bullen, bryting

Ingrid Syrstad Engen, fotball

Hedda Hynne, friidrett

Line Flem Høst, segling

Håndballjentene

Therese Johaug, langrenn

Maren Lundby, hopp

Vilde Nilsen, paralangrenn

Marte Olsbu Røiseland, skiskyting

Årets sportsprestasjon, menn:
(alfabetisk på etternamn)

Johannes Thingnes Bø, skiskyting

Magnus Carlsen, sjakk

Hopplandslaget (VM-laget, skiflyvning)

Viktor Hovland, golf

Erling Braut Haaland, fotball

Jakob Ingebrigtsen, friidrett

Aleksander Aamodt Kilde, alpint

Johannes Høsflot Klæbo, langrenn

Jesper Saltvik Pedersen, paraalpint

Jarl Riiber, kombinert

Casper Ruud, tennis

Sander Sagosen, håndball

Anders Mol/Christian Sørum, sandvolleyball

Karsten Warholm, friidrett