– Ein får sjå kva moglegheiter som kjem

Bendik Rise har denne veka trent med 1.-divisjonsklubben KFUM Oslo. Rise fortel at han også har hatt eit par andre interessentar, men at han ikkje stressar med å finne ei løysing for den komande sesongen.  

Sport

Bendik Rise har spelt heile livet i Hødd, men 98-modellen kan no vere på veg mot eit klubbskifte. Kontrakten med Hødd gjekk ut etter 2020-sesongen og Rise har ikkje signert ein ny avtale. Som Sunnmørsposten skreiv tidlegare i veka har Rise trent med 1.-divisjonslaget KFUM Oslo.