– Hødd var det beste for meg no

Bendik Rise har spelt heile karrieren i Hødd. No er det klart at han blir verande på Høddvoll også denne sesongen. Torsdag skreiv midtbanespelaren under for to nye år i Hødd.  

Sport

Bendik Rise brukte tid på å finne ut kva som skulle vere neste steg. Svaret vart til slutt å satse vidare i Hødd og torsdag signerte midtbanespelaren ny toårskontrakt med klubben.