Opnar for meir aktivitet for barn, men ikkje for vaksne

Regjeringa vil opne for meir aktivitet og konkurransar for barn og unge, men anbefaler at det framleis er stopp i seriespel og treningskampar i toppidretten.  

Sport

Hødd har så langt fått avlyst to treningskampar mot AaFK, men no såg laget fram mot å kunne spele årets første treningskamp laurdag 27. februar. Då skulle Hødd og Florø etter planen møtast på Nordfjordeid, men fredag fekk både Hødd, toppfotballen og idretten elles dårleg nytt under regjeringa si pressekonferanse om koronasituasjonen.