Karsten møtte pressa på Clubhouse

Radarpar: Leif Olav Alnes og Karsten Warholm møtte tysdag pressa og andre interesserte på appen Clubhouse. Arkivfoto: Andreas Bjerknes.  

Sport

Tysdag inviterte Karsten Warholm og trenar Leif Olav Alnes til pressekonferanse om den komande 2021-sesongen. Men denne gongen gjorde radarparet ein ny vri på det heile, då pressekonferansen vart gjennomført på appen "Clubhouse".