– Håper på full serie

Fotballforbundet satsar på å kome i gang med 2.-divisjon første helga i juni. Kevin Knappen håpar Hødd får spele ein full sesong med 26 serierundar.  

Sport

Det er framleis usikkert når seriespelet i dei øvste divisjonane i norsk fotball får starte opp. Sist veke gjekk Norges Fotballforbund ut med sin plan for oppstarten, der Eliteserien har første serierunde 8. og 9. mai. Deretter skal 1.-divisjon menn starte ei veke seinare, Toppserien og 1.-divisjon kvinner startar 22. og 23. mai. For 2.-divisjon sin del har fotballforbundet no lagt opp til oppstart første helga i juni.