På to hjul frå Oslo til Paris – til inntekt for forsking på barnekreft:

– Veldig kjekt og givande

Svein Elde har sykla frå Oslo til Paris fleire gonger før – men håpet er at turen kan gjennomførast også i sommar, trass i koronasituasjonen. Denne gongen med ein lokal gullsponsor på laget.

Blei overraska med sjekk: Sparebank 1 Søre Sunnmøre, ved Lillian Kleven Breivik, avdelingsbanksjef for Ulsteinvik-avdelinga – troppa opp under treninga til Ulstein og Omegn Sykkelklubb i Ulsteinhallen for ei tid tilbake. Ho hadde med seg ein sjekk på 25.000 kroner, og lokalbanken er med det Svein Elde (med sykkelen), sin gullsponsor under årets tur frå Oslo til Paris med Team Rynkeby. Frå venstre ser ein Therese Moldskred Hasund, lokal representant for Barnekreftforeningen, Arve Rise, Svein Elde, Olav Hildre og Kjell-Bjørn Hatlebakk i Ulstein og Omegn Sykkelklubb – og banksjef Lillian Kleven Breivik. (Bildet blei tatt før dei nye reglane om to meters avstand blei innført).  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Sport

68-åringen har vore aktiv i Ulstein og Omegn Sykkelklubb i ei årrekkje – men også mangeårig medlem av eit nordisk velgjerds-sykkellag, Team Rynkeby.