Eid med eitt mål og tre målgjevande då Sogndal banka Brann

Mål og målgjevande: Daniel Eid (bildet) banka til med eitt mål og heile tre målgjevande då Sogndal banka Brann 4-1 i ein treningskamp laurdag.  Foto: Andreas Bjerknes/Arkiv.

Sport

Den tidlegare Hødd-spelaren leverte ein fantastisk sesong for Sogndal i OBOS-ligaen i fjor, og i treningskampen mot eliteserielaget Brann på Fosshaugane Campus laurdag var det ingen tvil om at også årets sesong kan teikne til å bli god for lysluggen frå Ulsteinvik.