Denne 16-åringen signerte proffkontrakt med Hødd

Lovande Syver Skundberg Skeide (16) får ytterlegare tillit i A-stallen til Hødd.

Ein stolt Syver Skundberg Skeide held her opp Hødd-drakta, flankert av dagleg leiar i IL Hødd, Per Arve Moldskred (t.v.) og sportssjef Jesper Törnqvist.  Foto: Hødd.

Sport

Den lokale ungguten har gått gradene i Hødd – og signerte torsdag sin første proffkontrakt med Hødd. Avtalen er på tre år. Det skriv Hødd i ei pressemelding.