Roleg slutt på overgangsvindauget

Hødd ønskjer framleis å styrke stallen, men gjorde ingen utfall før overgangsvindauget stengte.

Hødd: Det nærmar seg endeleg seriestart for Hødd og klubben jobbar framleis med å sette stallen. Likevel vart det ei roleg avslutning på overgangsvindauget denne gongen og det er heller aktuelt å sjå på låneovergangar eller spelarar som står utan kontrakt. 

Sport

Fristen for å registrere nye overgangar for profesjonelle fotballspelarar gjekk ut torsdag. Hødd har tidlegare signalisert at dei ønskjer å forsterke troppen ytterlegare, men det skjedde ingenting før fristen gjekk ut.