– Eg har slite med ein ankel i eit par månader

Medan lagkameratane måtte gjennom ein tung uthaldstest tidlegare i veka, sprang Bendik Rise ute på gamle Høddvoll. Midtbanespelaren har slite med ein ankelskade dei siste månadane.  

Sport

Det er fire veker igjen til Hødd sin seriestart. Fredag måtte Bendik Rise sjå lagkameratane trene frå sidelinja. Tidlegare i veka var dei fleste Hødd-spelarane også gjennom ein fysisk test, men då var Rise å finne på løpebanen på gamle Høddvoll stadion.