Aursnes fekk landslagsdebuten

Fredrik Aursnes fekk søndag kveld sin første A-landskamp for Norge. Han kom inn i den andre omgangen i privatlandskampen mot Hellas, der Norge tapte 1-2.   Foto: Geir Olsen / NTB

Sport

Søndag kveld fekk Fredrik Aursnes sitt første innhopp for det norske A-landslaget. Den tidlegare Hareid IL og Hødd-spelaren kom inn for Patrick Berg då det stod att om lag 20 minutt av privatlandskampen mot Hellas. Kampen vart spelt i Malaga i Spania.