Klar ambisjon: Sverre Hjelle Økland kan bli ein sentral spelar for eit Hødd-lag på opprykksjakt. Midtbanespelaren meiner Hødd skal vere eit topplag i 2.-divisjon denne sesongen og at ambisjonen må vere opprykk.

– Eg har sjølvsagt ambisjonar om å rykke opp

20. juni spelar Sverre Hjelle Økland sin første offisielle kamp for Hødd. Det skjer på dagen 12 år etter at han debuterte i Eliteserien for AaFK. Då var han så vidt fylt 16 år og var på det tidspunktet tidenes yngste Eliteseriespelar.