Radarpar: Det er nok ingen i Hødd-troppen som kjenner kvarandre så godt som Bendik Rise og Eirik Franke Saunes. Dei to har spelt på lag i Hødd sidan barndomen og er blant dei fem noverande Hødd-spelarane med flest A-kampar for klubben. No er begge veldig klare for å ta fatt på ein ny sesong, med klare mål om gjere 2021 til eit godt Hødd-år.

– Det er ikkje vits å sikte seg inn på fjerdeplass

Det er ein del nytt i årets Hødd-lag, men to lokale midtbanespelarar er blant dei verkelege kontinuitetsberarane i troppen.