Arrangerer to løp på to veker

I år er 21. august datoen som gjeld for Nordvest Maraton. Den 31. utgåva av løpet er i god rute.

Nordvest Maraton: Det ligg an til god deltaking for Nordvest Maraton også i år.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Fire veker før løpet er 52 løparar påmeldt på tvers av dei forskjellige klassene. Samanlikna med i fjor, er det eit noko lågare tal, men samstundes var fjoråret det beste året deltakarmessig for arrangementet der 127 deltok på heil- eller halvmaraton.