Håpar på fleire innhopp

Fredrik Dimmen Gjerde kom mellom anna til ei stor moglegheit i løpet av sitt innhopp i cupsigeren over Herd. Skoten frå ungguten blei blokkert, men på returen kom Hødd si 3-0 scoring.  

Sport

Hødd gjorde ei rekkje endringar på laget til cupkampen mot Herd laurdag. Det gav Nikolas Brandal sin første offisielle start for Hødd, medan Fredrik Dimmen Gjerde fekk sitt første innhopp i ein teljande kamp.