Tøffe oppgjer i vente for Hødd i 2. divisjon:

– Vi gler oss veldig

Dei er to av veteranane og berebjelkane på årets Hødd-lag, Caroline Overvåg og Ragnhild Ertesvåg. Førstkomande søndag serieopnar dei blåkvite borte mot Herd.

Hødd-profilar: Ragnhild Ertesvåg (t.v.) og Caroline Overvåg er to av dei mest erfarne spelarane på årets Hødd-lag - og vil nok vise seg å bli to svært viktige brikker for dei blåkvite i 2. divisjon. I avdelinga si møter Hødd storlag som Byåsen, AaFK Fortuna, Rosenborg 2 og Molde. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. 

Sport

Både Caroline og Ragnhild blir viktige brikker i eit Hødd-lag som har som mål om å kjempe om ei plassering på øvre halvdel av tabellen. Dei meiner hovudtrenarane Ronny Osnes og Joakim Wrele har lagt opp til eit bra opplegg i år – og ser fram til å kome i gang.