Fire mål på to kampar for Løken:

- Godt å hamne i ein ordentleg scoringsflyt

Oskar Johannes Løken var i fyr og flamme i kampen mot Tromsdalen søndag. Der putta han to nye mål - og med det har han scora heile fire mål på to kampar for Hødd.

Scora to til: Her set Oskar Løken inn sitt andre mål mot Tromsdalen. Løken var i fyr og flamme i oppgjeret - og blei ikkje uventa kåra til kampens beste spelar. Han har med dei to siste nettkjenningane scora heile fire mål på Hødd sine to siste seriekampar - og åtte totalt i serien.  Foto: Hødd Fotball.

Sport

Med totalt åtte mål på tretten kampar for Hødd denne sesongen – er Oskar Johannes Løken toppscorar for dei blåkvite. Bak han på lista finn ein Robin Hjelmeseth og Eirik Franke Saunes med høvesvis seks og fem nettkjenningar.