Datoen er klar

Snipsøyrvatnet Rundt blir arrangert laurdag 23. oktober.

42: Snipsøyrvatnet Rundt har blitt arrangert 41 gongar tidlegare og er truleg blant dei mest tradisjonsrike løpa i Noreg. 

Sport

Det går fram i ei pressemelding frå Hareid IL. Årets løp er det 42. i rekkja. Hareid IL skriv at det ikkje berre er det eldste løpet på Sunnmøre, men truleg også eitt av løpa i Noreg som har halde det gåande lengst.



Vanlegvis blir Snipsøyrvatnet Rundt arrangert i Hareidsstemne-veka, men i fjor måtte Hareidsstemna ta eit års pause som følgje av koronapandemien. Planen i år er at stemna er tilbake i veke 42 og då vil Snipsøyrvatnet rundt igjen falle på den siste laurdagen i stemneveka.



I fjor var det Sigve Høydal (Bærums Verk) og Oda Renate Midtflø (Hareid IL) som tok førsteplassane i løpet.