Hødd-trenaren etter stortap:

- Dei vinn fullt fortent

Det blei for tøft å hamle opp med eit effektivt Molde heime på Høddvoll for Hødd. Eit oppgjer som til slutt enda på stillinga 0-6.

Duell: Helena Nygård i duell med ein Molde-spelar.  Foto: Hødd Fotball.

Sport

Allereie etter ni minutt sat første ballen i nettet bak Hødd-keeperen. Molde-spelar June Grønseth sette inn 0-1, heilt umarkert ved bakarste stolpe på eit hjørnespark.