Larsnes/Gursken gjekk sigrande ut av duellen med Hareid

Medan Larsnes/Gursken kunne vise til full pott på heimebane hittil, skulle ikkje Hareid ha mindre sjølvtillit på bortebane etter å ha banka Emblem med 5-0. Det var eit fint utgangspunkt for ein underhaldande kamp idet begge laga sine trenarar var klare på at dette var ein kamp dei skulle vinne.

Steffen Moltu stanga her inn 1-1 målet for Larsnes/Gursken.   Foto: Steffen Kvalsund/Vestlandsnytt.

Sport

(Vestlandsnytt): Før kampen hadde ein forventningar om ein jamn og open kamp mellom to aggressive lag som ligg side om side litt over midten på tabellen. Begge lag tapte i sist serierunde og skulle såleis vere i revansjemodus til denne kampen.