Kvik Halden - Hødd 0-1:

Hødd sikra seg tre nye poeng

Det blei til slutt ein fortent siger for Hødd i bortekampen mot Kvik Halden. Kampens einaste mål blei scora av toppscorar Oskar Johannes Løken.

Toppscoraren scora igjen: Oskar Johannes Løken (bildet) sette inn 0-1 målet i bortekampen mot Kvik Halden. Med det scora toppscoraren til Hødd igjen. Dette er frå ein situasjon i førre heimekamp mot Florø.  Foto: Per Werkland.

Sport

Det blei ein komfortabel 3-0 siger til dei blåkvite då Hødd fekk besøk av Kvik Halden på Høddvoll i juli. Etter 7-1 mot Florø heime på Høddvoll onsdag - var nok forventinga at Hødd skulle kunne slå Kvik Halden greitt også denne gongen.