Trenaren meiner Hødd spelte ein fantastisk bortekamp:

- Vi terroriserte dei

Kevin Knappen var strålande nøgd med prestasjonen til Hødd på ei i utgangspunktet vanskeleg bortebane. – Vi gav dei ikkje fred, seier Knappen.

Jubel: Her jubla Hødd etter Oskar Johannes Løken si scoring mot Kvik Halden søndag. Det vart også den einaste scoringa i kampen - som sikra Hødd tre nye poeng.  Foto: Kristian Sundal.

Sport

Hødd sin toppscorar, Oskar Johannes Løken – scora nok eit mål då han sette inn Hødd sitt einaste for dagen mot Kvik Halden. Med det er han oppe i ti nettkjenningar på seksten kampar denne sesongen.