Sjå bilde frå Hareidsdølen Triatlon:

Yrande folkeliv på Holesanden - romsdaling til topps på sprinten

Søndag gjekk årets Hareidsdølen Triatlon av stabelen på Holesanden. Det blei ein skikkeleg familieaktivitetsdag - med løp både for små og store.

Startskotet gjekk: Her hadde deltakarane på sprintdistansen for vaksne under Hareidsdølen Triatlon akkurat sett i gang. Anten dei satsa på brystsymjing eller krål - var målet å kome seg i god posisjon før sykkeletappen.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Sport

Før dei vaksne skulle i aksjon var det fleire born og ungdom som prøvde seg på ei løype med symjing, sykling og springing. Ein slags mini-triatlon - med andre ord.